På sia til Obama ”Change.gov” står det diverse sakar han kjempar for, talar han har fortald og plassar der du sjølv kan skrive inn. Eg trur Obama brukar nettet på ein smart måte for å nå gjennom til folket etter som at det er på nettet folk flest oppheld seg, dei fleste har tilgang på nettet. Folk kan sjå på talane hans om att og om att, dei kan lese om han og prøve å skrive til han.
Obama sin tale handlar kort sagt om å få håpet i Amerika tilbake og om att folket skal stå saman i godt og vondt for å lage eit betre land å bu i også for etterkommarane.
Talen handlar om korleis ein kan forandre ting og att no skal amerikanarane få muligheitene til å forandre ting, alle saman.
Om kva han skal gjere slik at ting vert betre, han takkar og fortel om episodar frå Amerikas historie. Han seier også korleis ting skal bli gjort og att no skal folk få svar på det dei har lurt på så lenge, om Amerika vil bli landet igjen der alt er mogelig.
Han takkar for støtte frå familien, som han saknar, han takkar David Plouffe og ande som har støtta han gjennom livet og valperioden.
Han seier at det var folket bygde kampanjen og at det er dei som kan gje han sigeren, igjen andre.
Han snakkar også om krigar og om folket frå Amerika som er der og kjempar for landet sitt.
”Det er mykje å gjere, mykje nytt som skal byggast opp. Det tar kanskje lang tid, men eg lovar att me som eit folk vil komme oss dit til slutt.
Han seier og at han alltid skal vera ærleg om konfliktar landet møter, han skal høyre på folket og la dei få hjelpe til og løyse problem.
Obama seier òg at folket kan forandre noko, dei har ein sjanse, men den kan dei ikkje ta aleine, men saman med Amerika.
Han fortel om finans krisa om at dei sigrar og fell som ein nasjon ikkje som enkelt mennesker.
Me er ikkje fiendar men venar, er eit sitat han tar opp.
”Eg har kanskje ikkje vunne stemmene dykkar i kveld, men eg trenge dykkar hjelp”
Amerika kan forandre seg, Amerika kan forbetrast.
Ann Nixon Cooper er ei dame Obama har i tankane når han held denne talen. Han fortel om at før kunne ikkje ho stemme p.g.a. to ting, ho var ei kvinne og hadde feil hudfarge, han tenker nettopp på dette fordi ho er så pass gamal og har opplevd Amerikas forskjellige epokar.
”Yes we can.”. Obama fortel om at synet på kvinner i Amerika forandra seg, folket kan forbetra Amerika. Han har med døme som for eksempel me har landa på månen, me har gjort det mulig for f.eks. Ann Nixon Cooper å stemme ved valet i dag, ved hjelp av uttrykket ”Yes we can.”.
“The heartache and the hope; the struggle and the progress; the times we were told that we can’t, and the people who pressed on with that American creed: 'Yes we can'" er teken ut i frå talen til Obama.
Han seier også att folket har no sjansen til å opne dører for barna sine, den amerikanske drømmen kan kome tilbake,
”Når folk seier att me ikkje kan skal me svare ’Yes we can’” er starten på slutten av talen til Obama.
onsdag 18. februar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Bra utgreiing av kva nettsida "change.gov" går ut på. Du har fått med mykje bra informasjon om Amerikansk politikk og Obama. Eg lærte mykje eg ikkje visste frå før om emnet når eg las innlegget! :)
SvarSlett