Regi: Gary Winick
Sjanger: Komedie/ Romantikk
Aldergrense: 11år
Prod. år: 2009
Hovudpersonar: Kate Hudson (Liv) og Anne Hathaway (Emma)
Filmen handlar om venninneparet Liv og Emma, dei har vore venner sia dei var små. Som andre jenter har dei òg alt planlagt bryllupet sitt, dei skal begge ha det på Plaza Hotell. Planane deira ser ut til å gå etter boka, heilt til det blir oppdaga at bryllupene deira er blitt satt opp samme dato og neste ledige dag er ikkje før om fem år. Dei avtalar at dei skal komme til enighet om kven som skal få dagen, noko som blir fort endra på og snart er dei bruder i krig.

(Fra venstre: Anne Hathaway og Kate Hudson)
Filmen har ein bra dramaturgi og blir bygd opp på en fin måte, handlingane er ikkje så forutsette som du trur og du blir overraska, i mot setning til andre amerikanske romantikkara. Vendepunktet i filmen er og ganske bra og eg hadde ikkje trudd at Emma, som framstår som litt skjenert og stille, ville snu så mykje om. Eg hadde heller ikkje forventa at Liv skulle gjere noko av det ho gjordet. Det meste fram til slutten er faktisk bra, men klimaks er kanskje ikkje heilt på topp, eg skal ikkje skrive meir om det, etter som det vil røpe slutten. Eg synes filmen passar til jenter i alderen 14 til 18. Filmen fekk meg og til å le eit par gonger og passar bra til jentekvelder. Andre aldersgrupper (og kjønn) vil kanskje sei filmen er ein dårlig klassikar, noko som eigentleg ikkje er heilt usant, det er ein slags klassikar, men det er mange nye elementer og i stede for berre konflikten mellom ei dame og ein mann har Gary også fått med konflikten mellom to venninner utan å skape forvirring.
Eg vil gå mot strømmen og gje filmen terningkast:



