På facebook kan du og sende private meldingar med fleire samtidig, dette er ein kjempe bra ordning som gjer at du kan f.eks. avtale med fleire venner når de skal møtest før ein kino. Noko som og kunne vert brukt gjennom skulen, alle i klassen kan f.eks vera med i ei gruppe der du får lekser og anna info. Men då er du avhengig av at alle er innom å sjekker, noko som kan bli eit problem.
Eit anna problem med slike nettsider er at dei har ein del problem om det er for mange innpå samtidig og det går plutselig ikkje an å gjere noko. Det siste problemet som eg kan komme på facebook f.eks har, er når det gjeld publisering av bilete, det er ingen som veit om du faktisk har retten til å legge ut eit bilete, det er berre eit tastetrykk så "har" du liksom den retten. Du kan heller ikkje raportere bilete og sei i frå om dette, det einaste du kan raportere er vold e.l. Dette er noko dei burde fått litt meir orden på. Det er enkelt for folk å lyge når dei ikkje ser den personen dei lyg for...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar