mandag 25. mai 2009

Valgkamp på nett

Artikkelen frå Dagbladet 02.05.09 handlar om korleis politikara kan nytte Internett til å vinne valgkampar. Barack Obama gjordet nettop dette i valgkampen i høst då han utnytta potensiale i nettet som mobiliseringsverktøy for velgere. Han bygde seg eit grasrotengasjement som til slutt brakte han til Det hvite hus. Det er flest Amerikanare somhar fått til noko gjennom nettet. Den fyrste som gjordet det bra i eit valg gjennom nettet var John Kerry allereie i 2004. I norge derimot er det få som har klart å skape betydelig støtte gjennom nettet. Obama har lagt ut både teks, bilete og video, han har verkeleg brukt tettet på ein god måte. Det er òg dei som meiner det er feil å bruke nettet på denne måten, men artikkelen er skreve bra og det kjem fram fleire synspunkt.

Om nettet skulle takast i bruk på denne måten, og valgkamper skulle førast på nett, trur eg at det ville fått store konsekvensat og folk ville vert rasande. Ei slik forandring er ikkje landet vårt klar for endå, det hadde sjølvsagt vore utruleg lettvint og ikkje minst praktisk, men om me tenker oss om så hadde det ikkje gått, i vert fall ikkje i år. Det ville skapt ei kjempe stor informasjonskløft, kven er det som har tilgang og kunnskap til å stemme eller finne informasjon på nettet? Du har kanskje lært bestemor å ringe med mobiltelefonen, men å finne informasjon, sjå videoar og ikkje minst stemme på eit parti på nettet trur eg hadde blitt for mykje. Ein kan nesten sei at det er litt respektlaust ovenfor dei eldre og forvente at dei skal finne fram til slike ting på nettet. Det ville vlitt alt for stor skilnad på "dei som veit" og "dei som ikkje veit". Kanskje om fem til ti år er Norge klar for dette. Ein kan ikkje sei det ligg noko negativt i å føre valgkampar på nett, men det er nok ikkje heilt realistisk endå.

Det er også ein anna ting som er interessant ved at Dagbladet seier at Obama vant ved hjelp av internett, korleis påvirkar han oss? Ein kan sei at det er langsidig påvirkning etter som Obama forandrar ei holdning du har, og vann ved hjelp av å vise seg sjølv, sine meiningar og sine ordslag så mange gonger rundt om på nettet at du til slutt blei medlem på den offesielle heimesida hans og fant ut at du skulle stemme på han du også. Det er nok mange som forskar på kva måtar dei kan påvirke folk etter som det er påvist at media påvirker både individet og samfunnet etter lengre tid.

Om vi ser nærmare på det at Obama vant fordi han brukte Internett, alt så media, strider det eigentleg litt i mot det me har lært om kva Paul F. Lazarfeld fann ut under ein anna Amerikansk valgkamp. Om det han seier er rett og at tostegshypotesen gjeld for dette temaet og, hadde eigentleg Obama allereie vunne stemmene til alle han trudde han vann på nettet, og det er eigentleg berre unødvendig å bruke mykje tid å resursar på å laga til mange heimesider osv. Det burde kanskje vore ei ny undersøking for å sjå kva som er rett? Det er vanskelig å vite kva som er rett og gale, men om eg skal tru i vert fall litt på den gamle hypotesen vil eg sei at Obama kunne vore spart for ein del bry. I Dagbladet skriver dei også eit sitat av Jan Omdahl der han seier at Obama klarte å skape ein nærheit til velgarane sine, dette er noko han kanskje har vunne litt på, så alt i alt er det ikkje heilt dumt å lage valgkampen, i små steg, meir elektronisk.

I dette blogginlegget har eg drøfta informasjonskløft, langsidig påvirkning og tostegshypotesen.


mandag 18. mai 2009

United i alle kanalar

Alle store og små bedriftar, varar eller personar som vill vera kjende, treng reklame. Manchester United er eit bra døme på ein klubb som treng reklame. Det at dei treng reklame vil ikkje seie at dei ikkje kjende, for det er ingen som kan sei dei ikkje er, men dei treng reklame inni mellom dei også, denne reklamen treng ikkje vera direkte og det er på denne måten f.eks United kan bruke twitter, facebook osv. på ein god måte.

United og det sosiale media
- "Korleis kan United bruke det sosiale media twitter på", er eit spørsmål med utruleg mange svar. Under ein kamp kan dei f.eks ha ei fan side der det heile tida blir oppdaterer kva som har skjedd utover i kampen. Dette er noko mange fans setter stor pris på. Når kampen er ferdig og fans frå heile verda har følgt med på kampen gjennom twitter, har United også fått seg litt reklame. Om kampen var spennande får du kanskje lyst å reise for å sjå United på ordentlig eller kjøpe deg fleire tv-kanalar så du kan sjå kampen live. Denne typen reklame er utruleg billig, litt tid er alt denne reklamen kostar nokon, og United kan få seg fleire faste følgara eller fans som kan sjå dei sjølv om dei ikkje har tid til å komme på alle kampane.
Sia twitter går ut på å oppdatere statusen hadde dette vert ein kjempe måte å bruke twitter på for ein fotballklubb. Manchester kunne også ha oppdatert om dei forskjellige spelarane, ikkje berre under kampar men også til vanleg, eller om sjølve klubben og nye hendingar innan den. Når du ser på dette alt i lag, korleis dei kan spre ting gjennom twitter, kan du sjå at det minnar sterkt op to-stegs hypotesen, der dei når kanskje eit par personar (på twitter, kanskje eit par hundre) som fortel vennane sine om dette og då har dei nådd fleire tusen på ei veldig kort stund.
- Alt dette gjeld sjølvsagt ikkje berre twitter, men til oppdateringar av ulike slag vil twitter egne seg best. Facebook derimot kunne dei brukt som informasjonskjelde for fans, der dei kan sjå når den neste kampen er eller kva spelara som er med i klubben, kanskje kva spelara klubben ønsker å kjøpe/bli kvitt? Dei kunne også hatt album frå kampar, treningar, festar osv. dette hadde vert noko fansen hadde likt veldig godt kan eg tenkje meg.
- Det er uendeleg mange måtar å bruke det sosiale media på, det er nesten ikkje grenser. United kan vera på youtube, der dei legger inn intervju, scoringar osv. Sjølv om mange fans også gjer dette, er det veldig mange kjendisar som har ein "offical chanal" der det er ganske god kvalitet på klippa, også litt informasjon på sjølve sia og ikkje minst så veit fansen at sida er til å stole på. Dei kan òg blogge, der dei skriver kva som har skjedd dei siste dagane og alle spelarane kunne også skreve innlegg.
- Det er berre fantasien som stoppar folk når der gjeld å bruke dei sosiale mediane, men det er viktig å bruke dei til noko positivt, så det ikkje får konsekvensar for klubben, eller andre. Som f.eks at ein spelar hadde skreve eit blogginlegg om kor dårleg dei andre spelte sist kamp hadde ikkje vert den beste reklame.

For United's heime side, klikk her

fredag 15. mai 2009

Det Sosiale Media

Eg for min del bruker for det meste berre facebook, men no har eg og fått meg profil på twitter, eg bloggar jo også, men dette og wikien er berre gjennon skulen. Eg synes facebook, twitter osv. er ein kjempe flott måte å snakke med venner og andre på, du får vite om ting som skjer, kva folk gjer på og du kan møte folk som har same interesser som deg.
På facebook kan du og sende private meldingar med fleire samtidig, dette er ein kjempe bra ordning som gjer at du kan f.eks. avtale med fleire venner når de skal møtest før ein kino. Noko som og kunne vert brukt gjennom skulen, alle i klassen kan f.eks vera med i ei gruppe der du får lekser og anna info. Men då er du avhengig av at alle er innom å sjekker, noko som kan bli eit problem.
Eit anna problem med slike nettsider er at dei har ein del problem om det er for mange innpå samtidig og det går plutselig ikkje an å gjere noko. Det siste problemet som eg kan komme på facebook f.eks har, er når det gjeld publisering av bilete, det er ingen som veit om du faktisk har retten til å legge ut eit bilete, det er berre eit tastetrykk så "har" du liksom den retten. Du kan heller ikkje raportere bilete og sei i frå om dette, det einaste du kan raportere er vold e.l. Dette er noko dei burde fått litt meir orden på. Det er enkelt for folk å lyge når dei ikkje ser den personen dei lyg for...