mandag 18. mai 2009

United i alle kanalar

Alle store og små bedriftar, varar eller personar som vill vera kjende, treng reklame. Manchester United er eit bra døme på ein klubb som treng reklame. Det at dei treng reklame vil ikkje seie at dei ikkje kjende, for det er ingen som kan sei dei ikkje er, men dei treng reklame inni mellom dei også, denne reklamen treng ikkje vera direkte og det er på denne måten f.eks United kan bruke twitter, facebook osv. på ein god måte.

United og det sosiale media
- "Korleis kan United bruke det sosiale media twitter på", er eit spørsmål med utruleg mange svar. Under ein kamp kan dei f.eks ha ei fan side der det heile tida blir oppdaterer kva som har skjedd utover i kampen. Dette er noko mange fans setter stor pris på. Når kampen er ferdig og fans frå heile verda har følgt med på kampen gjennom twitter, har United også fått seg litt reklame. Om kampen var spennande får du kanskje lyst å reise for å sjå United på ordentlig eller kjøpe deg fleire tv-kanalar så du kan sjå kampen live. Denne typen reklame er utruleg billig, litt tid er alt denne reklamen kostar nokon, og United kan få seg fleire faste følgara eller fans som kan sjå dei sjølv om dei ikkje har tid til å komme på alle kampane.
Sia twitter går ut på å oppdatere statusen hadde dette vert ein kjempe måte å bruke twitter på for ein fotballklubb. Manchester kunne også ha oppdatert om dei forskjellige spelarane, ikkje berre under kampar men også til vanleg, eller om sjølve klubben og nye hendingar innan den. Når du ser på dette alt i lag, korleis dei kan spre ting gjennom twitter, kan du sjå at det minnar sterkt op to-stegs hypotesen, der dei når kanskje eit par personar (på twitter, kanskje eit par hundre) som fortel vennane sine om dette og då har dei nådd fleire tusen på ei veldig kort stund.
- Alt dette gjeld sjølvsagt ikkje berre twitter, men til oppdateringar av ulike slag vil twitter egne seg best. Facebook derimot kunne dei brukt som informasjonskjelde for fans, der dei kan sjå når den neste kampen er eller kva spelara som er med i klubben, kanskje kva spelara klubben ønsker å kjøpe/bli kvitt? Dei kunne også hatt album frå kampar, treningar, festar osv. dette hadde vert noko fansen hadde likt veldig godt kan eg tenkje meg.
- Det er uendeleg mange måtar å bruke det sosiale media på, det er nesten ikkje grenser. United kan vera på youtube, der dei legger inn intervju, scoringar osv. Sjølv om mange fans også gjer dette, er det veldig mange kjendisar som har ein "offical chanal" der det er ganske god kvalitet på klippa, også litt informasjon på sjølve sia og ikkje minst så veit fansen at sida er til å stole på. Dei kan òg blogge, der dei skriver kva som har skjedd dei siste dagane og alle spelarane kunne også skreve innlegg.
- Det er berre fantasien som stoppar folk når der gjeld å bruke dei sosiale mediane, men det er viktig å bruke dei til noko positivt, så det ikkje får konsekvensar for klubben, eller andre. Som f.eks at ein spelar hadde skreve eit blogginlegg om kor dårleg dei andre spelte sist kamp hadde ikkje vert den beste reklame.

For United's heime side, klikk her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar